Gå til innholdet

Om koronaviruset

Bilde fra unsplash.

LNT har vært i kontakt med Rikshospitalets Avdeling for transplantasjonsmedisin om koronaviruset.

28.02.2020

Har du spørsmål om korona? Frivillighetens koronalinje svarer deg på telefon 23 12 00 80. Linjen er åpen i tidsrommet 9-15 hver dag, og er et samarbeid mellom Helsedirektoratet, Landsforeningen for hjerte- og lungesyke, Nasjonalforeningen for folkehelsen og Norske Kvinners Sanitetsforening. 

Tekst ved Anna Varberg Reisæter, leder av Seksjon for nyremedisin, Avdeling for transplantasjonsmedisin, Oslo universitetssykehus, Rikshospitalet

Angående det nye koronaviruset, kalt covid-19.

Vi er alle spente på kor fort covid-19-infeksjonen vil spre seg i Noreg, kor mange som vert smitta og kor mange som vert sjuke. Det beste for å halda seg oppdatert på dette er å følgja med på heimesidene til Folkehelseinstituttet. Det er mange spekulasjonar i media. Erfaringen frå influensaepidemiar i Noreg er at  nyretransplanterte jevnt over ikkje er meir utsatte enn andre. Tilsvarande gjelder for levertransplanterte (redaktørs tilføyelse etter å ha forhørt seg med kilde ved Avdeling for transplantasjonsmedisin på Rikshospitalet). 

Men er det noko ekstra tiltak for dei som er transplanterte eller dialysepasientar?

Vi er vande med at sesonginfluensaen kjem. Til skilnad frå sesonginfluensa er det førebels ikkje utvikla vaksine mot covid-19. Det er heller ingen godkjente medikamenter som er kjent at virker mot viruset. Det viktigaste er førebuande tiltak, for å unngå smitte og å hindra spredning av smitte. Kjernepunkter er håndhygiene og hostehygiene. Dette er grundig forklart på heimesidene til Folkehelseinstituttet. Å bruka munnbind utafor helseinstitusjon er ikkje anbefalt. Ein kan velga bort å besøka/få besøk av personar med luftveissymptomer og feber. Ein må vurdera å droppa reiseaktivitet.

For eldre og personar med hemma immunsystem er det viktig å forebygga annan sjukdom, som kan redusera motstandskraften. Det er mange som får sesonginfluensa. Influensavaksine bør ein få kvart år, dei som vart vaksinerte i haust, treng ikkje ny no. Det er framleis noko tilgjengeleg influensavaksine på apotek.

Pneumokokkvaksine 

For personar over 65 år og immunsupprimerte kan lungebetennelsevaksine (pneumokokk) vurderast.

Pneumokokkvaksine bør fornyast kvart tiende år. Du må kontakta fastlegen din for å få vaksine.

Oppdatering fra LNT: Folkehelseintituttet gikk 4. mars ut og anbefalte denne til eldre og personer med nedsatt immunforsvar). 

Symptomer på covid-19-infeksjon er hoste, feber og eventuelt kortpustethet. Det er sjelden å få magesmerter og diaré, men det kan forekoma.

Du bør kontakte lege hvis:

  • Du har symptomer og har oppholdt deg i områder med vedvarande spredning av viruset. Dette endrer seg raskt, sjå derfor her for oversikt
  • Du har symptomer og har hatt nærkontakt med personar som er bekreftet smittet med covid-19

Ved mistanke om smitte bør ein ringa fastlegen eller legevakta på 116117. Då vil det verta vurdert om og korleis prøve skal tas. Det er viktig å kontakta helsevesenet før ein møter hjå fastlegen eller på sjukehuset, slik at smitteverntiltak kan planleggast. Dersom ein er sjuk og treng helsehjelp må ein kontakta helsevesenet på vanleg måte, men forklara at ein kan vera koronavirussmitta.

Vær merksam på at det kan koma endringar i retningslinjene frå Folkehelseinstituttet fortløpande. 

LNT

Telefon: 23 05 45 50 E-post: post@lnt.no Besøksadresse: Borgenveien 66, 0373 OSLO Kontonr.: 8230 06 01398 Vipps 125073