Gå til innholdet

Etterspør nyretransplanterte for deltakelse i studie

Illustrasjonsfoto.

Oslo universitetssykehus har startet en stor studie om Covid-19.

16.04.2020

Risiko for å bli smittet av koronavirus i Norge – på arbeidsplassen og i samfunnet

Det er stort behov for ny kunnskap om Covid-19; korleis smitter viruset i befolkninga, kven er mest utsette, kor farleg er det, kjem det vaksine og medisinar som virker mot viruset. Opplysingar som personar sjølv rapporterer kan vera svært nyttige, særleg når mange deltar i ein slik studie.

Legar ved Oslo universitetssykehus (OUS) har starta studien "Risiko for å bli smittet av koronavirus i Norge – på arbeidsplassen og i samfunnet". Alle vaksne i Noreg kan delta. Mange vil få spørsmål på SMS om deltakelse, det vil verta sent ut brev og ein kan gå til heimesidene for OUS.

Hovedstudien er for alle vaksne i Noreg, men det vert ein delstudie med spørsmål tilpassa nyretransplanterte. 

Klikk her for mer informasjon om deltakelse. 
Ein må bruka bank ID for å delta.

Nyretransplanterte pasientar har mange spørsmål om Covid-19 og kva sjukdomen betyr for immunsupprimerte. Det er sparsomt med kunnskap som kan gje sikre svar.  Det er viktig å delta i studien og å svara på alle spørsmåla. Ut frå data i denne studien og data i Norsk Nyreregister kan vi få viktig og nyttig kunnskap.

Oslo, 16.04.2020

Anna Varberg Reisæter, seksjonsoverlege
Nyreseksjonen, Avdeling for Transplantasjonsmedisin
Oslo universitetssykehus, Rikshospitalet

 

LNT

Telefon: 23 05 45 50 E-post: post@lnt.no Besøksadresse: Borgenveien 66, 0373 OSLO Kontonr.: 8230 06 01398 Vipps 125073